Startside ResultatlisterKven er påmeldt?
gang Individuell Nett-teneste

Esefjorden Rundt


Beste mann og kvinne på tid i 2011 var Rune Opem, IL Dalebrand og Hilde Aasheim, Osterøy IL

HISTORIA TIL VERDAS FLOTTASTE LANDEVEGSLØP

Esefjorden Rundt er 8,5 km langt og går på asfalt utan særleg høgdeskilnad. For å komme til startplassen på Tjugum, tek ein skyssbåt frå Holmen (sentrum) over fjorden. Start ved Tjugum kyrkje nær Dragsvik og mål ved festplassen "Balahaugen" ca. 1 km frå sentrum. Esefjorden Rundt vart i 2009 arrangert for 30. gong, og det vart sett ny rekord med til saman 903 registrerte deltakarar.

Esefjorden Rundt starta som eit skirenn den 1. mars i 1931 med 14 deltakarar. Gustav Eggum frå Leikanger vann det første rennet på tida 43.38 minutt. I 1947 brukte Lars L. Ese 31.00 minutt rundt fjorden og sette såleis ny rekord. Denne rekorden vart aldri slegen. Lars L. Ese er mest kjend som skyttarkonge - heile 4 gonger. Den gongen gjekk løypa etter bygdevegen rundt fjorden med start om lag på same staden som i dag. Målområdet var i Holmen der Holmatunet står no. Sigurd Kvikne sette opp ein flott sølvpokal som måtte vinnast 3 gonger. Den første pokalen gjekk i 11 år og vart til slutt vunnen av Ivar Høyvik i 1941. Siste gongen vi finn noko om skirennet "Esefjorden rundt" var i 1956.

Frå 1976 og utover vart det eksperimentert med ymse start- og målstader før løpet fann sin noverande trasé som landevegsløp i 1980. Annie Bersagel, Tjalve IL, har rekorden for damer på 29.08 minutt (2008). Svein Inge Buhaug, BUL, har rekorden for menn på 24.51 minutt (1998). Deltakarrekord var i 1986 då 276 sprang på tid.

Esefjorden er omkransa av vakre, men ville fjell. Tjugatoten 1098, Keipen 1399, Vindreken 1273 og Raudmelen 972 moh. Vegen rundt Esefjorden er også ein del av den nasjonale turistvegen over Gaularfjellet. Vi hevdar difor at vi har verdas flottaste landevegsløp. Esefjorden Rundt har gjennom åra utvikla seg til å bli ein stor folkefest. Dei siste åra har det vore aukande interesse for å vere med på landevegsløp som Esefjorden Rundt.

I 2011 vart arrangementet avvikla i strålande sol og med sommarlege temperaturar. Det deltok 923 deltakarar, og av desse sprang 72 på tid. I år var det 172 nyregisteringar mot 240 i 2010. Vi klarte ikkje å slå deltakarrekorden frå 2010 (942 deltakarar), men målsetjinga er framleis 1.000 deltakarar rundt Esefjorden på 1. mai. 

Takk til funksjonærar og deltakarar for vel gjennomført Esefjorden Rundt 2011.

Vi ynskjer velkomen til Esefjorden Rundt tysdag 1. mai 2012 (33. gong).

Sjå kor mange gonger du har gått Esefjorden Rundt. Om du oppdagar feil i databasen vår, t.d. i førenamnet, etternamnet og deltakarår, gje beskjed om dette ved å nytte funksjonen "Meld feil".

Helsing

Esefjorden Rundt  

 

 

 

 

 

 

 

 












Løpsinvitasjonar

efr2011.pdf
efr2010.pdf
efr2009.pdf
efr2008.pdf


Lenkjer

2011 Artikkel Sogn Avis
2010 Biletserie Sogn Avis
2010 Artikkel Sogn Avis
2010 Artikkel NRK
2009, biletserie Sogn Avis
2009, artikkel NRK
2008, Bileteserie Sogn Avis
2008, Artikkel Sogn Avis
2008, Artikkel NRK
2007, Bileteserie, Kjetil Bakken
2007, Bileteserie i Sogn Avis
2007 Artikkel Sogn Avis